Quantcast
Channel: Artemisias Verden
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1272

Fotturar i Norge av Gaute M. Sortland

$
0
0
Ei vanskeleg bok å kategorisere, men må alt kategoriserast?
Eg likar å gå Fotturar i Norge. Men no er Fotturar i Norge daud, så kva skal eg gjere då?
No er hausten her, og før brukte vi å gå Fotturar i Norge om hausten. I år må eg visst byrja på kajakkurs, sa Den norske turistforening. Eg lurar på kva dei skal gjere med alle hyttene i den norske fjellheimen når Fotturar i Norge er borte?
Hvis du trur eg tullar, så gjer eg ikkje det. Eg har lest om det i boka Fotturar i Norge. Les mer under billedet.



Fra forlaget:
Gaute M. Sortlands nye kortprosasamling kretsar om kvardagen i alle fasettar, frå små, daglegdagse glimt til meir dramatiske hendingar av livsendrande karakter. Det handlar om einsemd og kjærleik, og familie, barn og om nye møte. Tekstane spenner frå små dikt via lengre anekdotar og forteljingar og til kartlegging av heile livsløp. Felles for alle tekstane er den gjenkjennelege vekslinga mellom melankoli og humor som pregar forfattarskapen hans. 

Fotturar i Norge er sniglegift og draumar, beatlitteratur og avbestilte feriar. Fotturar i Norge er sjølve livet, på godt og vondt, full av humor, melankoli, trass og pågangsmot.     Meir HER

Fotturar i Norge er ei snedig bok, ei samling med historiar kretsa kring Fotturar i Norge og nokon av venane hans, og nokre som berre kom innom. Vi møter Fotturar i Norge som ung, som vaksen, som gammel, som kompis, som far, som kjærest, som sjuk, og som ein drikk, sneglegift og pub. Fotturar i Norge er mykje og litt tå kvart.

Her er ein smakebit:
"Ute ligg fotturar i Norge i regnet og blir ete opp av sniglane. Dei sniglane som et Fotturar i Norge , blir sjuke og drar seg inn i buskane for å døy. Dei sniglane som kjem etter for å ete daude slektningar, får då også i seg Fotturar i Norge og vil også dra seg til ein stille stad for å døy. Det er denne synergieffekten som har gjort Fotturar i Norge så populær. " (s. 31)

Det er ikkje så enkelt å skrive om Fotturar i Norge, særleg fordi eg ikkje er så god i å skrive på nynorsk. Det er lenge siden eg gjekk på skulen og måtte tvangslese og skrive nynorsk, det er over 30 år sia. Dykkar som freista retta på meg må berre gjere det. Eg brukar ikkje google translate for dette innlegget, der går grensa. Eg er mest oppteken av at dykkar ska freista å lesa Fotturar i Norge. Det fortjener boka. Den er både trist, artig, tankevekkjande og velskreven, så her er litt tå kvart for einkvar smak. Så kan alle smakar foreinas og vurdere den til Åpen klasse i Bokbloggerprisnomineringa neste år.
Det tykkjer eg hadde vore fint,  som eit minne over Fotturar i Norge, som no kun finnes i bok og fotoalbum. Moshonista har og skrive om boka.

Boka har eg lånt på biblioteket, og den er utgjeven hos Det norske Samlaget i 2015.

Forfatter;
Gaute M. Sortland, f. 1981. 
Dette er hans tredje bok. Boka har 93 s






Viewing all articles
Browse latest Browse all 1272